tirsdag 8. september 2015

Atferdstest med språkpynt


Av Roar Ulvestad


Dette innlegget ble også publisert som kronikk i Bergens Tidende 28. august. Om gjesteblogger Roar Ulvestad: Lektor i undervising med fordjuping i norsk. Lærar gjennom tjue år, i grunnskule og videregåande. No organisasjonstillitsvalgt i Utdanningsforbundet Bergen. Aldri kartlagt.
 
 
I Bergen er alle barnehagane pålagt å bruke dette kartleggingsverktøyet TRAS. I følgje “forkjemparane” skal dei då kunne finne ut kven av ungane som ikkje har den utviklinga dei skal ha. I neste omgang skal sjølvsagt desse få det opplæringstilbodet dei treng for å kunne styrke kompetansen der det trengs.
 
Det er ei edel målsetjing som det er umogleg å ikkje stille seg bak. Eg vart so litt nysgjerrig på kva denne testinga er i praksis. Det første eg las var kartleggingsskjemaet som barnehagetilsette skal bruke. Dette vart lese med auga til ein norsklektor som har jobba i skulen i 20 år. Det er og fragment igjen i hjernebarken etter eit gammalt årsstudium i psykologi. Med brei utdanning i språkfag, undervisningserfaring og noko kunnskap frå psykologifeltet var fyrsteinntrykket mitt av dette TRAS-skjemaet heller dårleg. Ei sær interesse for vitskapsteori og metodelære gjorde og sitt.
 
Eit skjema som skal seie noko om språkkunne hos barnet er fullt av atferdsmåling som “Kan barnet vente på tur utan å miste oppmerksomheten” og kreativ språkkompetanse som “…å fortelje gåter og vitser”. Mange av mine kollegaer opp gjennom årene, med høgskule- og universitetsutdanning har trass mangel på denne gåte- og vitsekompetansen klart seg rimelig godt i livet. Det er ikkje alltid dei klarer å vente på tur utan å miste merksemda heller.
 
Inntrykk mitt vidare av denne kartleggingstesten er at delar av den favoriserer det utadvendte barnet, som ikkje er redd for eksponere seg sjølv. Sjølv dei delane av kartlegginga som skal teste språk har ein atferdskomponent der denne er knytt til relasjonen som barnet måtte ha til den barnehagetilsette, slik som “Kan barnet følgje ein instruksjon?” og “deltar barnet i sangleker?”  Hjelpe meg. Eg sjølv tek ikkje instruksjon frå kven som helst, og sangleiker har eg skydd som pesten sidan bleiealderen.
 
Det betraktande og tilbakehaldne barnet, som har mindre behov for å slå seg sjølv på brystet og gå sterkt og tydelig inn i sosiale situasjonar, vil heilt klart falle gjennom på deler av denne “språktestinga”. På vegne av dei introverte barna, som ikkje snakkar med kven som helst om kva som helst, bestemte eg meg difor for å gå grundigare inn i denne kartleggingsproblematikken som TRAS representerer. Mitt etiske utgangspunkt er at det ikkje er feil å vere sosialt kresen, at barn skal få lov til å vere ulike, og at skilnader på folk er ein både ein verdi og ein realitet. Eigen erfaring frå skulen er at relasjonen vår har alt å seie for kva vi registrerer eller ikkje hos det einskilde barnet/eleven.
 
Det er mange aspekt ved kartlegginga som trer fram når ein grev litt i materialet. For det første er det dokumentert at testskårane til barn i ein test ofte er ein indikasjon på mykje meir enn kva det enkelte barn kan eller ikkje kan. Omstende ved barnehagen sjølv vil påverke desse. I ein rapport frå Folkehelseinstituttet i 2015 er eitt av hovudfunna, som eg allereie har nemnt, at “manglende nærhet og konfliktfylt relasjon til pedagogisk leder henger sammen med språk og atferd hos alle barn”, og at “barn som går i barnehage over 40 timar i veka har både flere symptom på språkvansker og mer utagerende atferd” (Rapport 2015: 2). Eit anna er at utilstrekkelig plass til læringsaktivitet og “sjeldent tilbod av planlagt kreativ og fysisk lek” heng saman med språkvansker og utagerende atferd. Om enkeltbarnet sin haltande skår er på grunn av eller på tross av det pedagogiske tilbodet vil ein dermed ikkje kunne vite.
 
I ein kommentar i Bergens Tidende 24. august skriv Frøy Gudbrandsen at “Høyre mener det (testing) er nødvendig for å hindre at noen faller utenfor og for å vite hvor ressursene settes inn”. Det er ei fin målsetjing, men då må testen teste det den skal. Det eg har sett av kartleggingsmaterialet (dvs. alt) er meir enn noko anna står fram som ein atferdstest med språkpynt. Det meiner eg er for upåliteleg og omtrentleg til å bli brukt som planleggingsreiskap med språk som hovudfokus. Når atferdskomponenten er so sterk som den er i TRAS, gjer det meg svært mistenksam; er det eigentlig meir eit styringsreiskap for å halde ein profesjon i øyrene enn noko anna?
 
Barnehageforskeren Jon Kaurel bruker noko ironisk omgrepet “bruttonasjonalpedagogikk” om den tenkemåten han hevdar ligg bak denne utbreidde test-tenkinga vi ser i barnehagepolitikken. Kartlegging har i følgje Kaurel blitt inndefinert som ein del av tidleg innsats som igjen vert framstilt som ein del av sosial utjevning, og han meiner at dette har blitt ein slags “uangripelig treenighet”(Betre skole 10, 2010: s. 73). Han hevder at når testing blir gitt denne sentrale rolla tar det vekk fokus frå barnehagens eigenart:

For barn og unge må forberedes. Først for å begynne på skolen, så for ikke å falle ut av den, dernest for høyere utdanning, som igjen er en forberedelse for yrkeslivet. På denne måten reduseres en stor del av menneskets første 20–25 år til en anordning som skal gjøre dem klar for det kommende “virkelige livet” (side 75).
 Kaurel seier vidare at denne testingen er basert på ein normalitetstenking som er udemokratisk, fordi det formidler ei smal norm for kva som er rett og viktig for barnet. Det er ingen tvil om at utbreid testing i barnehage vil tilføre ei mål-middel tenking i samhandling med våre yngste. Kva skal vi gjere for at testskåren blir betre neste gong? Om det er dette testskrømtet som skal henge over barnehagen vil det skje der det som skjer i delar av skuleverket: at det breie samfunnsmandatet blir ein svunnen draum, medan pedagogane blir pressa til å å arbeide med dei områda som let seg lese av i søylediagram og utviklingskurver. Kvalitet for barnehage blir dermed målt med “skuleauger”, og kjerneoppgåvene blir å klargjere barnet for skulen sine behov og forventingar.

I Oslo har TRAS-kartlegging blitt gjennomført i stor målestokk og det same skjer i Bergen. På kritikk får ein ofte svar som “Språkkartlegging i barnehagen er et faglig spørsmål og ikke politikk” (Anniken Hauglie 2014).

Når eg har sett nærare på dette testmaterialet, er det tydeleg at det er svært svakt på den faglege sida. TRAS-gruppen har til dømes “referert” til eit påstått utsagn av to forskarar Wagner og Frost, som skal ha sagt at “vi vet fra anerkjent forsking at de språklige forutsetningene barn har når de begynner i 1. klasse, bestemmer 40 % av resultatet på deres avgangseksamen”. På direkte spørsmål har TRAS-gruppen ikkje klart å dokumentere denne kjelda (Kaurel, Første Steg 2014: s.49). TRAS-gruppen har dermed ikkje sannsynleggjort på ein påliteleg måte at tidleg inngrep i barn si språkutvikling er avgjerande for seinare skulegang.

I tillegg til desse vel kvalifiserte innvendingane tenker eg meg og at om implementering av TRAS skal verte gjort skikkeleg, er det ei tidkrevjande oppgåve. Å samle inn relevante opplysningar om handlingar og språkhandlingar slik at ein får fylt ut skjemaet kan nok smalne fokus i kvardagen, slik at ein ikkje er like oppmerksam på dei delane av barnet sin aktivitet som fell utanfor testkategoriane. I ein gruppe på 30-40 barn er det mange felt som må skraverast, og det seier seg sjølv at denne tida må takast frå ein plass. Utstrakt bruk av TRAS, utan omsyn til kva det enkelte barnehagekollegium og kvar enkelt pedagogiske leiar måtte tenke om formålet, er ei pedagogisk overstyring som fråtek den enkelte barnehagen råderett over eigen profesjonsutøving og stel tid frå kjerneoppgåvene. Tid som blir brukt til kartlegging kunne vore brukt til å styrke både språkleg og fysisk samhandling og systematisk læringsarbeid ut frå barnehagebarna sin eigenart og. Å gå over hovudet på enkeltbarnehagen og krevje lik kartlegging av alle er å innskrenke fagleg autonomi. Eg vil ha myndiggjorte, reflekterte og språkbevisste barnehagelærarar som kan nok om både språk og utviklingspsykologi til å sjølv “blinke ut” dei barna som har språklege vanskar, for so å hjelpe dei vidare med gode individretta tiltak.

Nokre barnehagelærarar setter pris på kartleggingsverktøyet TRAS og ser at det hjelper til å bevisstgjere dei som arbeider med språk i barnehagen. Når situasjonen er at ein stor del av dei tilsette i barnehagane er ufaglærte, er det rett og rimelig. Den språklege bevisstgjeringa burde i allereie vere på plass fordi ein har lært grunnleggjande trekk ved språkutvikling i grunnutdanninga si. Til sterkare utdanning og til fleire med godkjent barnehagelærarutdanning, til mindre vil nødvendigvis behovet for eit slikt “bevisstgjerande” skjema vere. Diverre er det mykje lettare for ein kommune å pålegge eit skjema enn å syte for at mengda med faglærte i barnehagen er på eit høgt og forsvarleg nivå.

Heldigvis har vi allereie mange barnehagelærarar som ser manglane og utfordringane og ikkje minst den politiske bakgrunnen for utstrakt bruk av testskjema forkledd som “kartlegging”. Fleire vil vi få om vi hever lønsnivået opp til same nivå som lærarane i grunnskule og vidaregåande opplæring. Å få denne gruppa inkludert i kompetanselønssystemet som gjev utteljing for utdanningsnivå er eit heilt naudsynt grep som for lengst skulle vore gjort.

Barnehagelærarane har i dag ikkje dei politikarane dei fortener, og her har vi veljarar ein jobb å gjera. Den kvantitative kvalitetsstyringa som TRAS representerer, kan fordumme og sløve oss om vi trur at jobben er gjort når skjemaet er fullt. I barnehage som i skule treng vi ein profesjonell praksis som realiserer målsetjingane i rammeplanen. I rammeplanen for barnehage står det “Den enkelte barnehage står fritt til å velge metoder og omfang ut frå lokale forutsetninger og behov”. Dette må òg gjelde testingar som TRAS. Ein kommune som vel å ignorere denne sentralt gjevne retten, utfører eit demokratisk overgrep som einsretter kvardagen til barna våre og låser profesjonsutøvarar til snevre malar for handling og samhandling i barnehagen. Sånn kan vi ikkje ha det.


 

Bloggen Mestrer, mestrer ikke kan følges fra vår Facebook-side, HER.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar